Sider

Bonden
Sider, 8 %, Aroma

Eg heiter Ingrid og vaks opp på garden Torkjells. Eg var tidleg med i arbeidet saman med storesyster Marit. Om sommaren tynna me eple og plommer, pitla moreller og passa veslebror Tor. I påsken pitla me pas. Eg syns det var mykje arbeid på garden og bestemte meg for å aldri verte bonde. I 2013 vart pappa brått sjuk og døydde etter kort tid. Dette førte til nye tankar om gardsdrift. I dag er eg bonde på garden og driv i lag med mannen min, Drengen.


Drengen
Sider, 8,5 %, Summerred

I tillegg til det dei dyrka på garden har bøndene nytta Hardangervidda til matauk. Dei har jakta reinsdyr og fiska aure. Når epla var hausta og selt, pitla dei nedfallsfrukta og pressa denne til saft. Noko av safta vart kokt med sukker, hatt på flasker og nytta gjennom vinteren. Resten av råsafta vert sett til sider, som var klar til våren ein gong. Drengen Bård er gift med Hardangerbonden og er ein ivrig fiskar og jegar. Han gler seg til våren når sideren ein gong er klar.


Pappa
Sider, 7,8 %, Gravenstein

Pappa kasta ikkje sprukne moreller på bakken, han åt dei! Foreldra mine dyrka moreller, plommer og eple. Mamma arbeidde som lærar på skulen. Pappa var og utdanna lærar men dreiv garden på fulltid. Dei flytta til Sekse i 1989 og mange i bygda var skeptiske til byguten frå Oslo som skulle verte bonde. Meiningar om politikk hadde han og! Etter kvart vart han ein flink fruktdyrkar med mange verv innan fruktnæringa. Pappa elska ein god diskusjon. Han var trygg, klok og glad i is.


Stora Marit
Sider med humle, 7,8 %, Aroma

Stora Mariter veslesystera til Pappa. Ho vaks opp på Manglerud med fire storebrødre. Marit gjekk på skøyter frå ho var tre år og ho ville klara seg sjølv slik som brødrene. Etter mange timar og år på skøyter vart ho landslagsspelar i ishockey. Stora Marit har godt humør, frisk språkbruk og er glad i ein fest. Ho elskar godteri og då eg var fem år kjøpte ho ein slikkepinne til meg. Slikkepinnen vog ein kilo!

Alkoholbruk kan føre til ulike skadevirkningar. Meir informasjon finn du her.