Eplemost

Odelsjento
Eplemost, Idunn

Jentene som vaks opp på garden måtte tidleg vera med i arbeidet. Dei stelte dyr og mjølka, var med i slåtten, hausta frukt og bær, sylta og safta, strikka, sydde og gjorde husarbeid. I 1974 fekk jenter odelsrett på lik linje med gutar. I dag er Ida odelsjente på garden. Ho er fødd i 2008. Odelsjento er meir interessert i dyr enn frukt og drøymer om ein gard med hestar. Ho likar å hjelpe til på garden, mot god betaling.


Vetlajento
Eplemost, Discovery

I gamle dagar var det både frukt, bær og dyr på garden. Om somrane var kyrne på stølen på Hardangervidda. Budeia hadde ansvar for arbeidet på stølen. På veg til stølen i Kristofferbu, overnatta dei i steinbua i Munkabu. I dag er Munkabu Vetlajento sitt ferieparadis. Der stuper ho kråke i mosen, leitar etter krekling i lyngen og badar i iskaldt fjellvatn. Vetlajento likar å hente vatn i bekken, sjølv om bøtta er tung og mykje av vatnet skvulpar ut.


Mormor
Eplemost, Aroma

Mormor vart fødd på Haukeland i 1929. Sommaren 1950 var ho på fisketur på Hardangervidda, med systera, kjærasten hennar og kameraten til kjærasten. Mormor skulle vere anstand og passe på at det ikkje skjedde noko upassande mellom kjærasteparet. Det vart ein vellukka fisketur og to år seinare gifta mormor seg med kameraten frå Hardanger. Dei fekk seks døtre og ein son. Mormor er glad i å klatre og elska å klatre høgt i lange stigar for å hente frukt.


Torkjell
Eplemost, Gravenstein

I 1946 overtok Torkjell garden etter foreldra sine. Kjøpesummen var 8 000 kroner. I tillegg skulle kåret (foreldra) ha fem rom i huset, ein fjerdepart av all frukta, 800 kilo poteter, 2 000 liter mjølk, ved, ljos og straum. Torkjell dreiv garden fram til foreldra mine overtok i 1989. Etter det var han ein flittig dreng. Det kjekkaste eg visste var når me pressa eplesaft om hausten. Presseutstyret hadde Torkjell laga sjølv. Eg elska å få nypressa eplesaft rett i koppen.


Svigermor
Eplemost, Rubinstep

Før i tida strikka, sydde og vevde kvinnene på garden kle til familien. Garnet laga dei sjølve. Sauene vart klipte, ulla vart karda og spunne. Til slutt farga dei det ferdige garnet ved å bruka avkok av ulike planter. Svigermor byrja å strikke då ho var fem år, og då ho var seks lærte ho å hekle. Då Bård (Drengen) var liten, sydde ho dei fleste kleda til han og veslebroren hans. Svigermor har strikka mine favorittgensarar!