Hardangerbonden, det er oss. Bonden Ingrid og Drengen Bård. Ein tidlegare lærar og ein petroleumsingeniør, som elskar frisk luft og hardt arbeid.

På Sekse i Hardanger dyrkar me eple. Søte, saftige og syrlege eple! Me har ca 10 000 epletre og i 2023 dyrka me 90 tonn eple. I eit nytt sideri på garden vidareforedlar me epla våre til eplemost og sider. Me nyttar berre eigne råvarer i produksjonen. Då har me full kontroll på kvalitet og modningsgrad. Drikk du ein eplemost eller sider frå Hardangerbonden kan me peika ut kva tre epla kjem frå.

I sideriet kan du også handle i gardsutsalet eller delta på sidersmaking med omvisning og historieforteljing. Er du heldig og kjem innom i pressinga kan du prøve eit avslappande eplespa i epleskum mellom epletrea.

Produkta våre er laga av reine eplesortar for å framheva kvar eplesort sin unike smak. På etikettane er det illustrasjonar av viktige personar i livet vårt, og på baketiketten kan du lese historia om dei ulike personane. Personleg og ærleg kommunikasjon er viktig for oss. Me ynskjer å gje deg ei oppleving av god smak, i lag med ei kjensle av kor produktet kjem frå og kven som har laga det.

Vil du læra om fruktdyrking, livet som siderprodusent eller berre få deg ein god latter? Ja, då kan du følgja @hardangerbonden på Instagram.